vifanord Congress Calendar

Norske historiedagar 2023

Location:🇳🇴 Sogndal, Norway
Organizer:Den norske historiske forening (HIFO)
Website:https://www.hvl.no/forsking/konferanse/norske-historiedagar-2023/
First day:2023-09-08
Last day:2023-09-10
Categories:📜 History / Archeology
Description:

Hovudtema for Norske historikardagar 2023 er krise og endring. Kriser dominerer nyheitsbiletet, og slik har det vore ei stund. Dei mange krisene som vil følgje av menneskeskapte klimaendringar, pandemien, energikrisa og krigen i Ukraina, for å nemne nokre.

Innafor historiefaget har vi gjeve kriser ulik betydning. I nokre tilfelle har ein brukt dei til å forklare dramatiske brot, der heile samfunn har gått under utan å etterlate seg stort. I andre tradisjonar, som til dømes innan økonomisk historie, har ein sett på «kreativ øydelegging» som naudsynte innslag i ei dynamisk utvikling. Videre kan respons på kriser bli brukt som forklaring på endra utviklingslinjer, både på godt og vondt. Forteljingar om kriser er elles ein viktig del av ulike minnekulturar, og dei blir gjerne brukt til å legitimere maktstrukturar.

Alt i alt trur vi ikkje dette er eit tema som vil skape krisestemning innan det norske historikarlauget, og vi ser fram til interessante sesjonar og presentasjonar. Vi er sjølvsagt også opne for forslag som ligg utanfor hovudtemaet.